Ho var på kjøkkenet, han såg på ho, studerte ho, oppfatta kvar ein bevegelse. Ho var stressa, ho sprang fram og tilbake. Snakka til nokon, han såg ikkje kven. Brått høyrte han stemmer, han snudde seg, eit ungt par gjekk hand i hand på andre sida av gata. Dei svinga til venstre og forsvann. Han snudde seg tilbake for å studere kvinna. Men ho var ikkje der. Han blei engstelig, kikka febrilsk gjennom vindauga, kvar var ho? Han kjente panikken, han måtte ha kontroll, han kunne ikkje miste ho! Han våga seg nærmare, det var framleis mørkt ute, sola hadde ikkje kome opp endå, og det va regnskyer på himmelen. Skumringa hadde lagt seg som eit slør over den mørke gata. Ho kunne umogleg sjå han, han var trygg.
Caroline var stressa, ho sprang fram og tilbake på kjøkkenet. Ho hadde framleis kleda frå kvelden før på seg. Stroppa frå den tronge, tettsitjande toppen var reven laus, og hang langs skuldra hennar. Ho fekk eit glimt av seg sjølv i spegelen som hang på veggen. Ho såg på kvinna som stira igjen. Kven var ho? Kor hadde det blitt av den gamle Caroline? Den Caroline som ein gong var ei sprudlande og glad jente, ei jente med ei lys framtid. Det ei gong brune og sunne håret, var no blitt platinablond og slitt. Det ei gong friske fyldige andletet, med roserøde kinn, var nesten ikkje til å kjenne igjen. Ho hadde mørke ringar under augo, kinnbeina stakk meir enn normalt ut, og sminka frå kvelden før var dratt utover heile andletet. Ho såg vekk, orka ikkje tenke på det. Ho ropa på Max.
Ho kunne tydelig sjå likskapen til den avdøde ektemannen i andletet til sonen. Det krøllette livlige håret, dei store blå augo hans, han var ein sann kopi. Det var trist å sjå på han, det minna ho om ei tid, ei god tid, ei tid der ho hadde venar, ein mann, pengar og eit hus å bu i. Då mannen døde, hadde livet rast saman. Dei hadde toke alt, huset deira, alle pengane. Dei hadde ingenting, berre kvarandre. Ho var nøydd til å finna ein jobb. Men ingen ville ha ho, kven ville vel ha ei aleinemor, utan bustad eller fast lønn. Ho ville ikkje, men ho hadde ingen val, ho trengte pengane. I byrjinga var det vanskeleg, ho var uerfaren, usikker, redd og bekymra. Men etter som åra gjekk, klarte ho å stenge bekymringane ute. Ho jobba, så gjekk ho heim. Ho prøvde å tilbringe så mykje tid ho kunne med sonen. Og det ho hadde opplevd på jobben fortrengte ho. Det var tungt.
Han hadde overvaka ho i to månadar no. Han kunne timeplanen og hennar daglige gjeremål. Han viste kvar ho var til kvar ei tid. Han hadde planlagt dette frå fyrste dag han såg ho. Det var tre månadar sidan, han hadde sett ho på gata. Ho hadde skilt seg ut frå dei andre, men som dei andre hadde ho kort skjørt, høge støvlettar og stram topp. Men det var noko med ho, noko han måtte finne ut kva var. Og det som gjorde at det blei ho og akkurat ho, var samtalen han hadde overhøyrt. Ho hadde ein son, ho var perfekt. Dei to romma var klare, han hadde bygd dei sjølv. Han hadde kjøpt inn materialet, betalt med kontantar, han kunne ikkje ta nokon sjansar. Huset hans var øyde, det var lite sannsynleg at nokon ville finna dei der. Det var den perfekte gøymeplassen.
Det skulle skje på ein søndag. Søndagar var den dagen når mora hans pleidde ta fri frå jobb, men ikkje for å tilbringe tid med han, men for å gå ut på byen, drikke seg full, komme heim og sove på sofaen. Ho laga aldri mat til han og han lærte seg å bli sjølvstendig. Mora drog med seg menn heim kvar kveld. Lydane som kom frå soverommet til mora var planta inn i minna hans. Og nokre gongar, når lydane hadde stoppa, kom mannen mora hadde med seg inn på rommet hans. Mannen ville kle av seg, legge seg i senga med han, tvinge kleda av han, og forgripe seg på han. Dei fyrste gongene gråt han, han rope på mora om hjelp. Men gjennom den opne døra, ville han sjå mora sittande i stova medan ho røyka ein sigarett. Ho høyrde ikkje ropa, eller ville ikkje høyre dei. Når mannen var ferdig, ville mora lukke døra inn til stova, og mannen ville gå.
Caroline hadde ei rar kjensle, som om nokon stira på ho, overvaka kvar ein ting ho gjorde. Men det var nokk berre ei kjensle. Det var søndagskveld, barnevakta hadde kome, og Caroline gjorde seg klar til å gå. Det var helgene som var verst, mange kundar, gatene var ikkje trygge. Men det var og då ho tente mest. Når helga var slutt, hadde ho råd til både mat og klede, og nokre gonger pleidde ho til og med ta med seg Max ut på shopping. Gleda i augo til sonen når han fekk ei ny leke var det som fekk Caroline gjennom dagen. Utan Max ville Caroline aldri overlevd, men kjensla av svik, kjensla av og vera misslykka som mor, kom alltid pressane på, som ei tung byrd, kvar gong ho såg ein lykkeleg familie, ein familie med ei mor og ein far.
Han skulle ta guten fyrst. Han viste at Caroline var på jobb, at guten hadde barnevakt. Han skulle ringe på døra. Viss det var guten som kom ut, skulle han stikke sprøyta i guten, noko som ville få han til og sovna. Han ville så ta han med inn i bilen, og køyre til der dei skulle. Var det barnevakta som kom ut, skulle han slå ho bevisstlaus. Han skulle gå inn, finne guten, stikke han med sprøyta, og køyre før barnevakta vakna til att. Han håpa det var guten som kom ut, han ville ikkje skade fleire en nødvendig. Han køyrte opp utanfor leilegheita hennar. Gjennom vindauge, vindauge han hadde sett gjennom i 2 månadar, klarte han skimte guten. Han sat på golvet, lekte med ein bil. Han fann fram sprøytene, det var best og å ha to, for sikkerheitsskyld.
Caroline sto i den mørke gata. Det var ca 6 andre kvinner der, kledd i like kleder som henne. Ein bil køyrte opp på sida hennar. Det var ein svart bil, den hadde sota vindauge, og ho klarte ikkje så føraren. Men det mørke vindauge blei med eit rulla ned, og ein mann, antakelig i 30-40 åra, kom til syne. Ho lente seg fram, og mannen ga teikn til at ho skulle setje seg inn i bilen. Ho gjekk rundt bilen, opna døra, og i det ho satt seg inn, kjente ho ei smerte i venstre armen, som ein sprøytespiss. Ho ga frå seg eit lite hyl, og med eit svartna det.
Ho vakna av ei stikkande smerte. Ho opna augo, og såg at ho opphald seg i eit rom. Eit ukjent rom. Eit tomt rom, eit rom utan vindauge, utan dører. Det einaste ho såg var ei enkel lampe som hang frå taket, ein tv-skjerm, og stolen ho sat i. Rommet hadde stålveggar og jordgolv. Panikken greip ho, og ho begynte å skrike, ho var fastspent i stolen, med tjukke reimar. Ho var redd, ho tenkte på Max. Kvar var han? Kvar var ho? Ho hugsa tilbake og kom til å tenke mannen i bilen. Han hadde gjort noko med ho, noko som fekk ho til å sovne. Ho måtte komme seg vek, finne Max. Barnevakta hadde sakt at ho drog heim etter kl 23.00, uansett om Caroline var kome heim eller ikkje. Klokka måtte vera mykje over 23.00 nå, den var 23.30 då mannen hadde stoppa, og etter det ho såg, måtte det ha toke minst ein time å få ho hit, fastspent til denne stolen. Ho måtte komme seg heim, heim til Max.
Han hadde klart det, planen var vellykka. Han måtte innrømme at han hadde tvilt. Tvilt på at det kom til å gå. Det virka så alt for lett. Då han såg barnevakta forlate leilegheita åleine, utan guten, hadde han jubla av glede. Ikkje eit vitne, ingen, berre guten. Det var som om gudane ville han skulle gjere det, at dei var på hans side. Guten hadde sett redd ut då han kom inn. Han hadde ropt på barnevakta, ropt på mora. Og når ingen svara, kunne han tydelig sjå redselen og panikken i gutens auge. Kjensla han hadde kjent spreie seg i kroppen i det augeblikket, var makt, han hadde makta. Makt over guten. Han hadde tatt guten fyrst. Dopa han ned, bore han inn i huset, ned i kjellaren og inn i eit av dei to romma. Der hadde han lagt guten på senga. Han hadde vore forsiktig, han ville ikkje skade guten. Han hadde passa på at guten hadde mat og vann før han lenka guten fast i golvet med ein kjetting rundt okla hans. Han stilte inn videokameraet, og skrudde det på og forlét rommet.
Caroline måtte ha duppa av, for då ho vakna, stod det ei flaske med noko ho trudde var vatn på golvet. Ho va ikkje bunde fast til stolen lenger, og ho kunne derfor bevege seg rundt i det tronge rommet. Ho ville ikkje drikke vatnet, men ho var så tørst. Halsen kjentes full av sand, tørr. Ho sluka alt med ein gong. Det var ei fantastisk kjensle å kjenne det kalde vatnet renne nedover i halsen. Ho var så sliten, ho måtte ha vore her i minst 1 dag no. Ho var så bekymra, kor var Max? Ho hadde ingen slektningar, ingen som ville bli bekymra viss dei ikkje høyrte noko frå dei. Ingen som ville kome over for å sjekke korleis det gjekk. Med eit blei skjermen grå. Ho snudde seg rundt, vettskremt. Smerta, angsten og redselen ho kjente då ho såg kven som var på skjermen var forferdelig. Den litle guten hennar, aleine i eit trongt lite rom. Lyden gjekk på, og ho kunne høyre guten rope på mora, gråtande. Smerta var uuthaldelig. Ho falt saman på golvet, gråt og gråt. Kven hadde gjort dette? Kven kunne gjere noko så forferdeleg.
Han naut det. Redselen, panikken, skrekken og makta han hadde. Ingen kunne ta det frå han, ingen.